Close

8. oktober 2025

Vaksenvaksinasjonsprogram

Vaksenvaksinasjonsprogrammet er nytt frå hausten 2025. Det omfattar dei aller fleste som til vanleg tek influensavaksine og koronavaksine. Nytt i programmet er at årskull med 1960 skal tilbydast vaksine mot pneumokokksjukdom.

Nytt i år er også at du må betale en andel for Covid-vaksine. Priser og mer informasjon:

Organisering og eigenbetaling i Bjørnafjorden kommune

Influensavaksine

Vaksen-vaksinasjonsprogrammet (haust 2025)

Målgrupper:

  • 65 år og eldre
  • Barn og vaksne i risikogrupper
  • Gravide etter 12. veke og alle gravide i risikogrupper
  • Prematurt fødde barn frå 6 mnd. til 5 års alder

Pris: 301,- hos fastlegane og tre apotek (på Os-sida). Eigenordning for bebuarane på sjukeheim og barn/unge på helsestasjon.

Andre målgrupper

Målgrupper:

  • Husstandskontaktar til immun-supprimerte
  • Helsepersonell
  • Svinerøktarar
  • Saneringspersonell ved fugleinfluensa

Pris: 301,- hos fastlegane og tre apotek (på Os-sida). Arbeidsgiver har ansvar for yrkesvaksinering. Eigenordning for kommunalt helsepersonell.

Ikkje målgrupper

Pris: Minst 429,- på apotek. Eigenordning for kommunalt tilsette i barneh./skule.


Korona vaksine

Vaksen-vaksinasjonsprogrammet (haust 2025)

Målgrupper:

  • 65 år og eldre
  • 18-74 år i risikogrupper
  • 6 mnd.-17 år med alvorleg grunnsjukdom

Pris eigendel: 110,- (85,- ved samvaksinering) hos fastlegane og tre apotek (på Os-sida). Eigenordning for bebuarane på sjukeheim og barn/unge på helsestasjon.

Andre målgrupper

Målgrupper:

  • Husstandskontaktar til immun-supprimerte

Pris: 240,- hos fastlegane.

Ikkje målgrupper

Pris: Kommersiell vaksinepakking på apotek (med resept frå fastlege).


Pneumokokk-vaksine

Vaksen-vaksinasjonsprogrammet (haust 2025)

Målgrupper:

  • Årskull f. 1960

Pris eigendel: 110,- (85,- ved samvaksinering) hos fastlegane.

Andre målgrupper

Målgrupper:

  • Eldre enn 65 år
  • Barn og vaksne i risikogrupper

Pris: Minst 350,- hos fastlegane (eigenordning via blå resept for høg-risikogruppe).


* Avhengig av preparat og vaksinasjonsstad